Veggen

No recent Facebook posts to show

6_Bolgelengder_Aurdal_1969-2016_1061

KUNSTNARMØTE
Eline Mugaas og Siri Aurdal

Hvor Kunstnernes Hus

Tid 17.00

Koster Gratis og ingen påmelding nødvendig

Utstillinga Aurdal/Mugaas er eit unikt samarbeid mellom to generasjonar, der Eline Mugaas sine fotografi møter Siri Aurdal sine skulpturar.

Plot/Oslo inviterer alle mellom 15 og 25 til gratis omvising – Eline Mugaas og Anders Dahl Monsen kjem og fortel!

Etter omvisinga blir det servert gratis sushi foajeen!

_______________________________________________
OM KUNSTNARANE + UTSTILLINGA

Gjennom fleire år har Mugaas arkivert og dokumentert Aurdal sine arbeid, med håp om å gjenintrodusere Aurdal sitt banebrytande kunstnarskap.
Samarbeidsprosjektet som har resultert i utstillinga Aurdal/Mugaas, skildrar eit eksepsjonelt møte mellom to kunstnarar frå ulike generasjonar som tilfører kvarandre nye dimensjonar, og som saman skapar ei heilt ny historie.

SIRI AURDAL (1937), som var aktiv på 60- og 70-talet, var nyskapande i norsk samanheng gjennom eksperimentell materialbruk og monumentale installasjonar der publikum intok ei aktiv og medskapande rolle. Ho var med i den politiske og radikale kunstnargruppa GRAS, der Aurdal sitt materialval uttrykte ei tru på kunsten si politiske og sosiale rolle. Dei bølgeforma skulpturane hennar er laga av glassfiberarmerte polyesterrør som vanlegvis er nytta i oljeindustrien. Desse vart for første gong vist på Kunstnernes Hus i 1969, og blir no presentert på nytt som rekonstruksjonar. I tillegg viser utstillinga tre skulpturar i farga pleksiglas, samt grafiske trykk.

ELINE MUGAAS (1969), ein av Noreg sine mest anerkjende fotokunstnarar, presenterer ein større serie fotografi frå 90-talet og fram til i dag. Mugaas er mest kjend for sine fotografiske undersøkingar av urbane miljø og arkitektur. I møte med Aurdal sine skulpturar fokuserer utstillinga på det romlege og skulpturelle i fotografia.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Connect with Facebook

Du kan bruke disse HTML-kodene og -egenskapene: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>