Veggen

No recent Facebook posts to show

10307409_928149100615097_6737818581983301888_n

Omvisning og middag: Fiona Tan
14.02.2016

Hvor Museet for samtidskunst

Tid 16.15

Koster påmelding via mail: plotoslo@gmail.com

10307409_928149100615097_6737818581983301888_n

Sjå Fiona Tans verk «Vox Populi» på Stortinget + middag på Museet for samtidskunst! NB. Påmelding.

Fiona Tan baserer kunstnarskapet sitt på facinasjonen for portrett og identitet – og utforskar dette gjennom foto og film.
Plot/Oslo inviterer alle mellom 15-25 til gratis omvisning av det første verket i serien hennar «Vox Populi» («Folkets røst»), som er utstilt på Stortinget!

Som kick off på den nye sesongen går vi vidare til Museet for Samtidskunst, der museet inviterer på middag. Her får du også mulighet til å sjå resten av verka i Vox Populi-serien, som er utstilt på museet.

Arrangementet er gratis og opent for alle mellom 15-25.
Vi krev likevel påmelding grunna avgrensa plass. Send ein mail til plotoslo@gmail.com og meld deg på! Påmeldingsfrist tysdag 12. januar.

Oppmøte på hjørnet ved Akersgata/Karl Johan på baksida av Stortinget kl 16:15.

OM FIONA TAN
Les meir om Fiona Tan og Vox Populi her:
http://www.nasjonalmuseet.no/Fiona+Tan.+Tidens+geografi.b7C_wlfO2d.ips
https://www.stortinget.no/no/Hva-skjer-pa-Stortinget/Nyhetsarkiv/Hva-skjer-nyheter/2015-2016/folkets-stemme-i-stortingets-komitehus/

OM MIDDAGEN
Vi blir servert «rijsttafel» – ein nederlandsk, sosial mat-happening med servering av ulike typar indonesiskinspirerte rettar. Middagen har røter i den nederlandske kolonihistoria. Kunstnarens sjølv har røter frå både Indonesia og Nederland.

OM PLOT/OSLO
Plot/Oslo er ein kunstklubb for unge mellom 15-25 år, og er eit samarbeid mellom Astrup Fearnley Museet, Nasjonalmuseet – Museet for samtidskunst og Kunstnernes Hus. Dei tre institusjonane representerer eit mangfald innan formidling av samtidskunst i Oslo, og inviterer unge til å bli betre kjend med samtidskunstfeltet. Plot/Oslo arrangerer aktivitetar som omvisingar i ulke utstillingar, workshops, ekskursjonar, filmvisningar og treff med kunstnarar og kuratorar.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Connect with Facebook

Du kan bruke disse HTML-kodene og -egenskapene: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>